|
|
Neste helg er det klart for barnegospelfestival igjen på Brusdalsheimen 21-22.januar! Vi har fortsatt plass til fleire kor, så om du ikkje har meldt deg på er det enda råd å hive seg rundt og bli med! Om du ikkje har mulighet til å vere med heile helga bør du i det minste få med deg familiesamlinga på Blindheim Bedehus søndag 22.januar kl 15 der festival-koret sammen med Ålesund Soul Children vil synge for oss, leda av årets festival-instruktør Vidar Åsebø!
Det blir garantert heilt supert og vi håpar å sjå deg der!!
 Bli med på familiesamlingen og hør det flinke felleskoret!!

- Rødt lys!
18.-20. november var det Ten Treff leir på Brusdalsheimen, en leir for dei som går i 8.-10.klasse.
Årets gjeng bestod av 34 deltakarar, der en stor gjeng konfirmantar frå Nordal sokn var med, og det vart en bra samansveisa gjeng. Simon Molvær Grimstad var leirsjef, og Gunhild Bjørkavoll Thorsen var talar. Temaet for leiren var: Kven er eg egentlig?

- Hærlige englar på juleverkstaden
I helga som var, 3.-4. des, var det Minileir Advent på Busdalsheimen. 29 deltakarar frå 2.-4. klasse var samla på leir. Det var ein leir fylt med mykje program, deriblant ein juleverkstad, der det vart produsert mange kreative og fine julegåver/julepynt.
Temaet for leiren var Guds Adventskalender, og talarane Sven- Harald Nyvoll og Anne-Marte Ulla frå Ung Misjon holdt gode bibeltimar og andakter rundt temaet.
Sjølv om været ikkje var heilt vere- ute-vær, vart det likevel ei helg med mykje kjekke programpostar, og leiarane gjorde ein glimrande insats for at helga skulle bli bra! Det er vel vært å ta ein kikk på bilda frå leiren, der du bl.a kan sjå enda fleire av desse fantastiske flotte englane, og anna julepynt som vart produsert på juleverkstaden.

5.-6. november var det klart for Minileir på Orreneset.
23 deltakarar og ein flott gjeng ledarar var samla, og det vart ein veldig kjekk leir.
Linn Jeanett Sirevåg fra IMF-UNG var leirens talar, og temaet for helga var: Kjenner du Jesus?
Du kan sjå fleire bilder frå leiren her: http://foto.ungmisjon.no/#34.0
 Anne Line Dahl Jerstad og Iris Vartdal Clausen
Saman med Normisjon region Møre og frikyrkja på Sunnmøre har Sunnmøre indremisjon ei tid arbeidd med å starte opp sjelesorgsenteret Fermate Sunnmøre.
Fermate Sunnmøre har avtale med Fermate Oslo som har sitt utspring frå høgskulen Diakonova og Normisjon, men vi har stor fridom innanfor denne avtalen til å legge opp arbeidet lokalt etter det behov og dei ynskjer som eigarane har. Vi ynskjer at dette skal vere eit ressurssenter der fok får hjelp til sjelesorg og at vi også kan tilby ulike kurs til forsamlingar og foreiningar. Basis og verdigrunnlaget til Fermate Sunnmøre seier: “Ressurssenteret bygger sin virksomhet på Guds ord og DNK bekjennelsesskrifter”. Her vil vi i tillegg presisere: Vi ønsker et eierskap og et styre som kan stå for synet om at “vi tror ekteskap mellom en mann og en kvinne er Guds ønske for samliv” og “vi tror på livets ukrenkelighet fra unnfangelse til død.”
Etter planen vil Iris Vartdal Clausen og Anne Line Dahl Jerstad arbeide i kvar sine 20% stillingar frå slutten av dette året. Fermate Sunnmøre er foreløpig organisert som eit toårig prosjekt og i kva grad det er mogleg å skaffe inntekter til senteret vil avgjere om det vert permanent. Dette er to kvinner som både har faglif kompetanse og erfaring med sjelesorg og som vil møte menneske som har behov for vegleiing og sjelesorg på ein trygg og god måte. Vi vil seinere kom med meir informasjon om Fermate Sunnmøre, men alt no oppmode om å bruke dette viktige tilbodet.
Ved å klikke her kjem du til nettsida til Fermate Sunnmøre!

I samarbeid med oss i Ung Misjon så har de på Blindheim bedehus og da spesielt ungdomsklubben Y fått en ungdomsarbeider i 20% stilling. Vi spurte om han ville skrive litt om seg selv og hva han gjør på Blindheim slik vi kan bli litt mer kjent med han og hans tjeneste.
Vær gjerne med å be for Alexander og for arbeidet på Blindheim!
Hei!
Jeg heter Alexander Tomren, er 22 år, kommer fraValderøya i
Giske Kommune og brenner for Gud!
Jeg jobber for Gud på Blindheim Bedehus. Der har jeg en todelt, men
fortsatt lik tjeneste. Jeg taler på Y-Ungdom, ungdomskveldene på
Blindheim Bedehus, i tillegg til at jeg underviser en disippeltreningsgruppe for lederne på Y-Ungdom.
Grunnen til at jeg takket ja til denne jobben, er jo,
nummer en: jeg ble spurt. Nummer to: Jeg har et brennende
ønske om å se Guds rike vokse! Og det er akkurat det som er drivkraften bak det hele; Gud!
Gud velsigne dere i Jesu Kristi Navn,
i Jesu Kristi Kraft og i Jesu Kristi Blod, Amen!
Med vennlig hilsen
Alexander Tomren
På grunn av det dårlege vêret er Julemarkedet flytta inn.
Julemarkedet er derfor inne i Spjelkavik bedehus i staden for i sentrum.
Muligheten for å kjøpe flotte gaver er derfor like stor!
Velkommen til ein triveleg julehandel!

- Morsomme og krevandes oppgåver i Vinn på Minuttet
28.-30. oktober var det klart for årets Haustleir på Brusdalsheimen. 39 deltakarar og ein flott gjeng med leiarar fekk ei kjekk helg saman.
Henny Kvilshaugsvik frå ImF Ung var med som talar på leiren, og hadde gode bibeltimar der ho fortalde om Moses. Sven- Harald Nyvoll frå Ung Misjon var leirsjef, og er veldig fornøyd med helga. Det vart mykje aktivitetar både inne og ute, bl.a vart det på leirfesten arrangert “Vinn På Minuttet”, som var både utfordrandes og morsomt!

Det vart eit knallbra Pit Stop på Valderøy Bedehus!
Også i år var det bra møter med gode talarar og eit dyktig lovsongsteam.
Det var et innholdsrikt program heile helga, og i tillegg til til møter var det interessante seminarer og gospelnight på laurdagen.
Det heile vart avslutta med eit flott avsluttningsmøte på søndagen.
Oppmøtet var veldig bra, med fullsatt sal både fredag og laurdagskveld. Alt i alt var dette ei veldig kjekk helg.
Vi takkar alle frivillige som har stått
på for at det skulle bli mulig å arrangere denne helga!
Her er nokre bilder frå helga: http://foto.ungmisjon.no/#32.0

Denne helga er det PIT STOP på Valderøy Bedehus!
Det heile brakar laust fredag 21.oktober med åpningsmøte kl 20:00 og avsluttast med avslutningsmøte Søndag 23.oktober kl 12:00! Og med mykje bra program inn i mellom! Vi får besøk av blant andre Andreas Evensen og Svend Lerbrekk som er to solide og dyktige ungdomstalarar, og vi får også besøk av Karl Johan og Katrine Kjøde fra pornokirken, som skal ha pornoseminar.
Vi håper å fylle Valderøy Bedehus til randen og at så mange som mulig blir med på både møter og seminarer og alt som skal skje iløpet av helga! Meir informasjon om program på http://ungmisjon.no/pit-stop/ !
Sjekk gjerne ut vår facebook-event og inviter venner og kjente!
Vi håper du er klar for ei knallbra helg på Valderøy Bedehus i helga!
Prates på Pit Stop!
30. september -2.oktober var det klart for haustens første Ten Treff. Denne gongen var det på Orreneset.
23 ungdommar var påmeldt, og saman med eit flott leiar team, med Ove Wok Mathiesen i spissen som leirsjef, fekk dei ei kjekk helg saman. Sven Harald Nyvoll og Anne- Marte Ulla frå Ung Misjon var med som talarar på leiren.
Her kan du sjå nokre bilder frå leiren:http://foto.ungmisjon.no/#31.0
Neste Ten Treff er på Brusdalsheimen 18.-20. november. Meld deg på ved å sende ein epost: sunnmore@imf.no eller ring: 70 17 86 70
 Artige poster på sporløpet
15.-16. oktober var det igjen minileir på Brusdalsheimen. 48 deltakarar i aldersgruppa 2.-4.kl var påmeldt, og det viste seg til å vere ein veldig kjekke gjeng. Eit leiarteam frå Vigra hadde ansvaret for leiren, og dei gjorde ein glimrande innsats!
På bibeltimane fekk vi høyre om temaet: Guds fulle rustning, eit spennande tema både og deltakar og leiarar.
I tillegg var det mykje kjekke aktivitetar og programinnslag gjennom heile helga. Du kan sjå bilder frå litt av det som skjedde på leiren her: http://foto.ungmisjon.no/#30.0
 Kjempegjeng på leir
23.-25. september var det igjen duka for den årlige Orrenesleikane. Og også i år var det lange ventelister i forkant av leiren, noko som tyder på at dette er ein leir du bør og vil få med deg.
Nærmare 50 deltakarar og ein god gjeng leiarar frå Emlem og Hundeidvik fekk ei helg med ein god del fint vær og mange aktivitetar. Det vart som vanlig tid til dei tradisjonellle OL konkurransane, og i tillegg bl.a kano og båt-turar, fotballturnering og mykje meir.
Rune Volden var leirsjef, Sven-Harald Nyvoll talar, og saman med resten av leirteamet gjorde dei en glimrande insats for at leiren skulle bli best mulig.
Du kan sjå bilder frå leiren her: http://foto.ungmisjon.no/#29.0

- Et spesielt besøk på leirfesten!
No har leirhausten for fullt begynt, og første leir ut var Minileir 5, 17.-18. september, med 47 deltakarar påmeldt. Eit lederteam frå Blindheim, med Kari Anne Steffensen som leirsjef, gjorde ein glimrande insats slik at det vart ein veldig kjekk leir!
Anne Line Dahl Jerstad var talar, og ho hadde nokre flotte bibelsamlingar som fenga både deltakarar og leiarar. Gjennom dramatisering og mange flotte rekvisittar fekk dei høyre historia om kong David.
Ellers inneholdt leiren det ein minileir skal innehalde, til dømes bibelsamlingar, god mat, mykje leik og morro, sporløp, kiosk, leirfest, båt og uteliv, og mykje mykje meir.
Vi i ung misjon har plan om å bli litt flinkare til å ta med kamera på lagsbesøka våre for å få dokumentert litt dei forskjellige plassane vi besøker og for å vise dykk litt frå andre plassar rundt om på Sunnmøre!
 Sven Harald var storfornøgd med maten servert!
Og tysdag 06.september var Sven Harald og Anne-Marte på besøk hos Sylte gutteklubb! Der møtte vi en kjekk gjeng gutar som holdt til på grendahuset i bygda. Vi blei møtt av ferske smørbrød og juice så vi fekk litt mat etter den litt lange reisa frå Ålesund! Ikkje verst!
Deretter begynte vi samlinga med ei andakt av Sven Harald og etter det så fekk vi hjelpe gutane å lage knaggerekker på sløyden! Det var lenge sida nokon av oss hadde gjort noko liknande, så det var artig både for oss og for gutane på gutteklubben! Resultata vart nokre flotte knaggerekkjer og mykje morro!
I tillegg til det hadde Anne-Marte ein liten “tre-kamp” med quiz, lakrisspising og blyant-i-flaska der lag 2 gjekk av med sigeren og fekk ein pose fox på deling. Trøstepremien vart resten av lakrisen
 Gutane på gutteklubben var veldig flinke til å ete lakris!
Alt i alt så hadde vi eit veldig kjekt besøk på Sylte gutteklubb! Vi hadde det veldig kjekt ilag og det var interessangt for oss både å besøke ein ny plass og ikkje minst å få prøve oss tilbake på sløyd-benken igjen!
Vi i Ung Misjon takkar for oss og snart kjem vi tilbake med bilder frå eit nytt lagsbesøk!
|
Ung Misjon Ung Misjon er namnet på barne- og ungdomssektoren i Sunnmøre Indremisjon.
Vi driv med leirarbeid på Brusdalsheimen og Orreneset. Kanskje du skal bli med oss på leir?
Vi besøker barne- og ungdomslagene som er innmeldt i Ung Misjon.
Vi vil være med å fortelje om verdens viktigste person: Jesus Kristus!
"Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største." Paulus’ fyrste brev til Timoteus 1.15
|