Her finner du info om leir i regi av Ung Misjon
Har du spørsmål tar du kontakt med Leirkonsulenten vår, Ranveig Plementas!
På Brusdalsheimen:
- 11.-12. september
Minileir 2.-4. kl - 9.-10. oktober
Minileir 2.-4. kl - 29.31.otober
Haustleir 5.-7. kl - 19.-21. november
Ten-Treff 8.-10. kl - 27.-28.november
Minileir Advent 2.-4. kl
På Orreneset
- 10.-12. september
Ten- Treff 8.-10. kl - 24.-26. september
Orrenesleikane 5.-7. kl - 16.-17. oktober
Minileir 2.-4. kl
Kjenner du nokon som ikkje har fått med seg kor tid det er leir i haust?
No har du muligheit til å henge opp ein plakat med leiroversikta for hausten 2010!
Kanskje på skulen, på bedehuset, i kyrkja, i butikken, på lyktestoplen, eller på ei oppslagstavle i nærheita??
Her finn du plakatar og leir lappar som du kan skrive ut og henge opp!
Brusdalsheimen
Brusdalsheimen er ein kjend og godt besøkt leirstad, som ligg flott til ved Brusdalsvatnet i Skodje kommune, berre 10 minutt med bil frå Moa.
På Brusdalsheimen har vi drive leirarbeid i over 40 år, og på leirane er det mange spennande aktivitetar. Du kan ta ein tur med robåt (om sommaren), vi har BMX syklar-du kan bruke, du kan spele fotball eller volleyball! Inne har vi bordtennis, innebandy, fotballspel og airhockey. Ein kan også leige Brusdalsheimen til private arrangement, som til dømes konfirmasjon, bryllaup og bursdagar.
Har du spørsmål om Brusdalsheimen, kan du ta kontakt med Hilde eller Arvid Lukkedal, som er tilsett som styrarpar.
Brusdalsheimen, 6260 Skodje Tlf.: 70 27 45 53
Klikk her for e-post
NB: All leirpåmelding skjer til kontoret til Sunnmøre Indremisjon.
Men du kan kontakte leirstaden om du har spørsmål om utleige.
Orreneset
Orreneset Misjonssenter ligg idyllisk til i enden av Nysetervatnet, i fjellheimen på grensa mellom Sykkylven og Stranda kommune.
Frå Orreneset har du den best tenkelege utsikta, utover eit glitrande og innbydande vatn og opp mot sagnomsuste sunnmørsalpar.
Om sommaren innbyr Orreneset til aktiv bading og båtliv. Vi har fleire båtar; både kanoar, seglbåtar og robåtar. På vinteren finn du dei beste skiforholda her. Ideelt for langrenn, rett utfor døra, og berre ti minutt med bil til eit flott skitrekk på Fjellseter.
Orreneset Misjonssenter tilbyr også utleige til selskap, kurs og konferansar. Leirstaden er eit velegna lokale for korps og kor.
Har du spørsmål om Orreneset Misjonssenter, kan du ta kontakt med styrar Anbjørg Bårnes.
Orreneset Misjonssenter Boks 25 6238 Straumgjerde
Tlf.: 70 25 07 56
Klikk her for e-post
Klikk her for å gå til Nettsida til Orreneset
NB: All leirpåmelding skjer til kontoret til Sunnmøre Indremisjon.
Men du kan kontakte leirstaden om du har spørsmål om utleige.