Bli ein tilhengjar

Ung Misjon on Facebook

Det skjer

  • Ten Treff 10.-12.sept på Orreneset
  • Minileir 11.-12.sept på Brusdalsheimen
  • Orrenesleikane 24.-26. september
  • Om

    Ung Misjon er namnet på barne- og ungdomssektoren i Sunnmøre Indremisjon (SIM), og har tilslutta ca 75 lag som driv lagsarbeid på heile Sunnmøre.

    SIM er tilslutta Indremisjonsforbundet (ImF).

    Lokallaga våre driv barne- og ungdomslag og kor.

    Vi driv også aktivt med leir for ungdom, barn og familiar. I tillegg arrangerer vi ein del større arrangement for dei same målgruppene.

    Formålet med lokallaga, leirane og andre arrangement, er å drive opplæring til bibelkjennskap og kristen tru, og gje hjelp til å leve det gode livet i følgje med Jesus Kristus.


    Tilsette i Ung Misjon

    Eivind Landro – Leder for Ung Misjon

    E-post

    Rannveig Aksnes Plementas – Leirkonsulent
    Arbeidsområde: Planlegg leirane, skaffar leiarar, lagar program, reiser på leir; leir-leir-leir.

    Har du ein liten leir-leiar i magen er det berre å ta kontakt! Eg håpar at vi kan få eit stort spekter av leiarar, alt frå hjelpeleiarar i 15-16 års alderen til 80+  På ein leir er det mange behov, alt frå ein idrettsutøvar til eit bestemors fang, og alle er hjertelig velkommen til å vere med!

    E-post
    Tlf: 70 17 86 70  Mob: 99 26 86 29

    Anne-Grete Alfsvåg – Barne og Musikk-konsulent (er for tida sjukemeldt)
    Arbeidsområde: Besøker barnekor som er innmeldt i Sunnmøre Indremisjon og lærer dei nye songar. Arrangerer og held barneveker, held andakt, spelar piano evt. gitar, reiser på leir, leiar lovsang, er på tigerjakt, skriv barnesongar.

    E-post
    Tlf: 41 41 59 24

    Sven Harald Nyvoll – Barne- og Ungdomsarbeidar
    Arbeidsområde: Besøker lag som er innmeldt i Sunnmøre Indremisjon, reise på leir og hjelpe til med nokre administrative oppgåver..

    E-post
    Mob: 99 57 69 10

    Get Adobe Flash playerPlugin by wpburn.com wordpress themes